DAGSORDEN
1. VAL AV NYE PROSJEKTMEDARBEIDARAR TIL BISTANDSPROSJEKTA
1. Berre Ingrid Midtgaard møtte utanom styret, som interessert i prosjektarbeid. I tillegg ynskjer Kirsti og Kristin å halde fram. Anne er også interessert i å delta. Irmela bad styret om fullmakt til å fordele dei som er interesserte i å delta på prosjekt slik ho meiner er best. Ettersom få interesserte har meld seg er det uansett rom for alle som har lyst til å delta på prosjekta. Når det gjeld Colombia-prosjektet vil ho bestemme kven som får delta kor i samråd med Kristin. Styret har i etterkant stemt ja til ei slik løysing.
2. AVLKLARING AV ROLLA SOM WEB-ANSVARLEG
Dei oppmøtte tilrådde at saka bør avklarast mellom Anne og Hanna. Saka vart dermed utsett til eit seinare styremøte.
3. DISPONERING AV OVERSKYTANDE ADMINISTRASJONSMIDLAR.
Dei som møtte tilrådde at vi burde prøve å finne andre måtar å bruke administrasjonsmidla på enn å godtgjere ymse verv i NKJF. Det er alt gjeve samtykke til å løne layout-ansvarleg for Justine (Jonna) og nettsideansvarleg (Peter) for nedlagt arbeid, samt oversetjing av tekst på nettsida til spansk/engelsk. Irmela bad styret om fullmakt til å finne ei totalløysing på bruken av resterande midlar. Dette har styret stemt over og samtykkja til per e-post. Primært vil ho å forsøke å få overført midla til 2010. Ut over dette vil ho sjå på kva løysingar som gagnar NKJF og prosjekta mest mogleg. Det vil m.a. bli satsa på kompetanseheving for styremedlem, gjennom kurs om styrearbeid 15. januar 2010.
4. EVENTUELT.
- Irmela minna om programmet for Virada sitt besøk i Noreg 10. -15. desember, og oppmoda alle om å ta med seg kjente på presentasjonen av Thailand-prosjektet fredag 11. desember.